Bedehuset

Malmheim bedehus-Betania

Bedehuset ligg på sørsida av Heigreveien, vest av innkjøringa til Julebygda Grendahus.

Etter ei større vekking 1917/18 vart det fortgang i arbeidet med å få bygt eit bedehus i bygda.
På styremøte i Rogaland Indremisjonsforening, Malmheim krins, den 25. april 1918 vedtok dei å byggje.
Før byggjearbeidet var sett i gang kom og Jæderen og Ryfylkes Indremissionsforening i Malmheim krins med som samarbeidspartnar.
Tomta fekk dei gratis av Martin Eriksen Malmin. Den var 300 kvm. og låg på den såkalla Danseplassen.
Stor interesse og mykje dugnadsarbeid gjorde byggjetida kort, og den 13. oktober 1918 vart Betania-Malmheim bedehus innvigd.
Seinare har det vore fleire ominnreiingar og påbygg. Den siste store opprustinga av bygget vart utført i 1980. 
I 1. etasje finn me storesalen og litlesalen med plass til 120 sitjeplassar, kjøkken og toalett.
I 2. etasje er det arbeidsrom for musikk og kopiering, pluss salong og toalett.
I kjellaren er det 4 rom som vert nytta til barne- og ungdomsarbeid.

I tillegg til vanleg misjonsarbeid av foreiningar og lag, har huset vore mykje nytta til barne- og ungdomsarbeid, og til samlingsstad for folk i bygda, både i festleg lag og i sorg.
Huset har og vore nytta til skuleundervising, og frå våren 1942 og fram til freden i 1945 okkuperte tyskarane det.
Eigarar og brukarar av huset har utført ein stor og flott dugnadsinnsats for barn og ungdom i bygda. Det er dei som står bak og driv Barnelaget, Guttelaget, Krik, Sundagsskulen og Ten-In.

Dei nåverande eigarane av bedehuset er lokalforeiningane som er tilslutta Normisjon, Rogaland Indremisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband.

 
<< Forrige

Henvendelser vedrørende Julebygda.com

Tore Folkvord

N.N.

N.N.

Austvoll Trevare
Rubicon
Thutre
Trippelbygg
Lothe Rør AS
Kverneland Næringspark
Jonas Hegre AS
Årsvold Kran og Hydraulikk
Øyvind Asheim
Leavarden Holding
Gabbi
Klingsheim Hogst & Hage
Lothe Bygg
Folkvord planter
Folkvord Gårdsutsalg
Nettstedet er utviklet av InBusiness AS