Julebygda grendahus

Planlegging                                                                                                                                                                                                                                                                      

Hausten 1977 vedtok årsmøtet i Malmheim Idrettslag å setja ned eit utval for å undersøkja om det var råd å få bygd eit tidsmessig forsamlingshus i bygda. Kommunen var positive til å erstatta det gamle ungdomshuset Allheim med eit nytt og folk i bygda sa seg villige til å kjøpe andeler og jobbe på dugnad. Mykje tid og innsats frå utvalet måtte til før ein var klar til å starte bygginga. Dette innebar å finne ei høvelig tomt, ordne  med finansiering, få godkjent teikningar i STUI og endeleg å få byggjeløyve frå kommunen. 25. september 1986 var byggjesøknad godkjent i bygningsrådet og arbeidet med å reise bygget etter teikningar frå Torsvik og Thesen kunne taka til.

Bygging

Grunnarbeid, forskaling av kjellarUtgravinga av tomta kom i gang i januar 1987. Arbeidet med bygginga vart leia av ein lokal dyktig byggeleiar og saman med flinke og patriotiske dugnadsfolk frå bygda, gjekk arbeidet raskt framover og den fyrste driftsplanen måtte justeras fleire gonger framover (motsatt av det som var vanlig i bransjen) og alt 20. august kunne første delen av bygget takast i bruk. Det var barnehagen. 16. januar 1988 eit år etter det første spadestikket,  var det innviingsfest. Då var heile bygget ferdig.

Drift av grendahuset

Taklegging på GrendahusetGrendahuset brukes av mest alle lag og foreningar i bygda og inntektene kjem i hovedsak frå bryllaup, konfirmasjonar, voksentreff, møter og tilstellingar for næringslivet, inntekter frå barnehagen og tilskudd frå Sandnes kommune.

 I 2007 vart stor del av underetasjen ominnreda for å utvide barnehagen og denne er nå oppgradert frå korttidsbarnehage til fulltids barnehage. Antall born er auka frå 24 til 64. Meir om barnehagen på  http://www.julebygdabarnehage.no/

Meir om Julebygda Grendahus kan du lesa i Julebygdboka, bind I og II og på heimesida deira:  http://www.julebygdagh.no/

 
<< Forrige

Henvendelser vedrørende Julebygda.com

Tore Folkvord

N.N.

N.N.

Austvoll Trevare
Rubicon
Thutre
Trippelbygg
Lothe Rør AS
Kverneland Næringspark
Jonas Hegre AS
Årsvold Kran og Hydraulikk
Øyvind Asheim
Leavarden Holding
Gabbi
Klingsheim Hogst & Hage
Lothe Bygg
Folkvord planter
Folkvord Gårdsutsalg
Nettstedet er utviklet av InBusiness AS