Malmheim skule

Malmheim skule sett frå austMalmheim skule ligg flott til i landlege omgivingar og sentralt i bygda ved Killinglandvegen like nord for Malmheimkrossen.

Den eldste delen av noverande skule stod ferdig til skuleåret 1920/1921 og vart teke i bruk 27. desember 1920. Den erstatta det gamle skulehuset frå 1877 nord for den gamle Folkvordvegen. Ved innviinga var skulen sjudelt med 125 elevar og ein lærar og to lærarinner hadde full post. I krigsåra hadde tyskarane skulen og då var det undervisning ulike stadar i bygda.

Her er bilete av Malmheim skule sett frå aust.

I 1969 kom det ny skulelov og samtidig vart Malmheim skole utvida med eit nybygg på 416 kvm. Nybygget inneheldt gymnastikksal og sanitæranlegg.

Våren 2006 vart det bygd ny ballbinge og i 2006 kunne skulen også endeleg ta i bruk det nye tilbygget på 140 kvm. Dette bygget inneheld 2 nye klasserom og ny sløydsal. Totalt har skulen i dag 7 klasserom, mediatek med datarom, musikkrom, mat og helserom, gymsal og sløydsal. I tillegg er det diverse kontor, grupperom, møterom, arbeidsrom for lærarar og personalrom.

I skuleåret 2012/2013 er me 99 elevar på Malmheim skule. Det er 22 elevar i dagens 1.klasse. Alle klassane har eigen kontaktlærar. Skulen vår er fådelt, det vil seie at klassar har samanslåtte timar med elevar som er eldre eller yngre. Skulen vil truleg vera fulldelt på 7 trinn skuleåret 2015/16. I dag er det berre 5. og 6. trinn som er samanslått i dei fleste faga.

Personalet på skulen består av 20 personar som utgjer ca 13 årsverk. Atle Sømme er rektor. Skulen har 11 lærarar, SFO-styrar, assistentar, miljøterapeut og administrasjonskonsulent i 60% stilling.

For nokre år sidan såg det heller mørkt ut for skulen. Med minkande elevtal, heil ned mot 60 elevar, begynte ein å snakka om å leggje ned skulen. I dag opplever me heldigvis vekst i elevtalet att. Me får nye 1. klassar med opp mot 20 elevar, og prognosane syner at skulen vi ha opp mot 120 elevar om tre år. Både elevar, føresette og tilsette kan nå kjenna seg trygge på at skulen vil bestå.    


Meir om Malmheim skule og skulen i krigsåra kan du lesa i Julebygdboka, bind I og på deira eiga Webside: http://www.minskole.no/malmheim

 
<< Forrige

Henvendelser vedrørende Julebygda.com

Tore Folkvord

N.N.

N.N.

Austvoll Trevare
Rubicon
Thutre
Trippelbygg
Lothe Rør AS
Kverneland Næringspark
Jonas Hegre AS
Årsvold Kran og Hydraulikk
Øyvind Asheim
Leavarden Holding
Gabbi
Klingsheim Hogst & Hage
Lothe Bygg
Folkvord planter
Folkvord Gårdsutsalg
Nettstedet er utviklet av InBusiness AS